|
|
|
I 1920 starta føretaket Alliance industrielle française i Paris produksjon av ein motorplog, med firehjulsdrift og firehjulsstyring. Maskina hadde ein plog i kvar ende og kunne pløya i begge retningar utan å snu. At naskina arbeidde i begge retningar var opphav til namnet «navette», som tyder «fergje». Det var to sete, så færaren bytta sete når kjøreretninga vart endra. Dei to plogane var forbundne med ståltau, slik at vekta av den eine hjelpte til med å lyfta den andre og føraren lett kunne lyfta og senka plogane. Motorplogen var svært lik Deutz motorplog frå 1907 og i 1920 var han både utdatert og for komplisert. Maskina vart difor ingen suksess.
|