15 A
20
33 D
van Duzen
T 41
T 42 / 43
T 20 / 21 / 23
T 24 / 24
T 31 / 32 / 33 / 34
T 35 / 36
T 55
T 230
T 15 / T 425 Krabat
Cub
Cub J
Schlepper
TP
L / LA
R
N
25
15
25 A
25 K
35 Super
50 Super

Avance Typ 1   (1912 - 1925)

Avance Typ 1
J.V. Svendsons Motorfabrikk (frå 1925 AB Avancemotor) i Augustendal, Sverige, produserte ein 2-skjers motorplog med ein 1-sylindra 19 hk glødehovudmotor. Dette var ein av dei fyrste traktorane i historia med totakts glødehovudmotor. For å unngå at glødehovudet var for varmt vart det sprøyta inn vatn i sylinderen, noko som ikkje var så uvanleg på denne tida. Det var to gir framover, men ingen revers. For å reversere var det naudsynt å stogga motoren og starta hen i motsett rotasjonsretning. Motorplogen hadde ein masse på 4200 kg, så masse/effekt-forholdet var på 223 kg/hk. Kapasiteten låg på rundt 0,14 ha/t og med ei pløyedjupn på 19 cm låg drivstofforbruket var på rundt 25,3 kg/ha. I tillegg gjekk det med 1,14 liter per hektar og 115 kg vatn per hektar. Prisen for motorplogen var 15000 svenske kroner.
Avance motorplog
På dette biletet ser ein korleis plogen var festa i ei ramme bak på traktoren.
Klikk på biletet for å forstørra det.