|
|
|
T 800 vart innført for å erstatta den noko aldrande BM Bison 470. T 800 hadde ein 6-sylindra dieselmotor med direkteinnsprøyting og ei maksimaleffekt på 94 hk DIN, så han var mykje kraftigare enn BM 470. Girkassen hadde 4 gir framover og eit i revers, plus høg-låg-serie, slik at det totalt vart 8 gir framover og to i revers, som på BM Buster 400. Den 6-sylindra motoren førte til at akselavstanden var lengre enn på føregjengaren, noko som førte til meir stabil gange. Førarplassen var plasser lenger fram, som på Buster 400 og BM Boxer 350, så det var ikkje lenger naudsynt å kliva inn attanfrå som på Bison 470.
Midt på 1960-talet var T 800 ein stor traktor og i Sverige var han nytta saman med halvborne plogar og slepehorver. Den svenske marknaden var for liten for ein så stor traktor, så ein satsa på eksport. Frankrike var ein viktig marknad, med der støytte ein på eit problem med at sporvidda på bakakselen på T 800 berre kunne endrast mellom 1,6 og 1,8 m. I Frankrike var det vanleg med store vendeplogar og for å få rett breidd på fyrste fåra krevde desse at sporbreidda kunne justerast i fleire trinn. Det var difor produsert spesielle hjulskiver for den franske marknaden, slik at sporvidda kunne endrast til fire trinn.
Canada vart ein ny marknad for BM Volvo. I prærieprovinsane Alberta, Manitoba og Saskatchewan var det bruk for traktorar med stor trekkraft. På desse åkrane vart det nytta store slepereiskap og T 800 synte seg å fungera godt til desse oppgåvene. Den kanadiske marknaden stilte fleire krav til traktorane og T 800 var utstyrt med ekstra breie dekk, ekstra kraftig trekkbom, ekstra dieseltank og så vidare. Prærieåkrane kunne vera tørre og det vart virvla opp mykje støv. Traktorane vart difor utstyrte med forfilter før det ordinære luftfiltret for å hindra at det kom støv inn i motorane. Likeeins vart det stilt krav om at førarhytta måtte vera støvtett og utstyrt med ventilasjonsvifte. Reiskapen var manøvrert med hydrauliske sylindrar og traktorane som vart eksporterte til Canada vart utstyrte med kraftigare hydraulikkpumpe, større hydraulikkoljetank og fleire ekstra hydraulikkuttak med tilhøyrande ventillar.
|
|
|
|
T 800 vart levert utan vernebøle på nokre marknadar.
|
Klikk på biletet for å forstørre det.
|