|
|
|
Parca 714 var utvikla av AB Svenska Järnvägsverkstäderna (ASJ) og var bygd på eit ASJ hjullastarchassis. Den fyrste prototypen var ferdig i 1965. Det vart så produsert ein serie 10 traktorar, som vart test ut. Etter nokre endringar vart det produsert ein serie på 25 traktorar. I 1969 kjøpte BM Volvo ASJ, for å få eit større utvalg av hjullastarar. Dei fekk då Parca 714 med på kjøpet.
Parca 714 var bygd på ei stiv ramme, med drift på alle fire hjula og framhjulsstyring. Motoren var ein 6-sylindra Scania-Vabis, på 107 kW.
Transmisjonen var av same type som på hjullastarane til ASJ og var produsert av ZF. Det var 6 gir framover og eit reversgir. Girkassen var synkronisert frå 2. gir og oppover. Dreiemomentet vart overført via ein fordelingskasse og planetgir i hjulnava. Motoren, girkassen og fordelingskassen var monterte på vibrasjonsdemparar i ramma.
Trekkrafta høvde for ein 8-skjers plog, men det synte seg at det var stort effekttap i den noko kompliserte transmisjonen, noko som gjekk ut over drivstofforbruket. Dette var ein av hovudgrunnane til at traktoren ikkje vart sett i serieproduksjon.
Traktoren hadde trepubktsoppheng med ei lyftekraft på 78453 N, men var ikkje utstyrt med djupnkontroll. Det var hydrauiskt opererte trommelbremser på alle fire hjula, med vakumseervo.
|