15 A
20
33 D
van Duzen
T 41
T 42 / 43
T 20 / 21 / 23
T 24 / 24
T 31 / 32 / 33 / 34
T 35 / 36
T 55
T 230
T 15 / T 425 Krabat
Cub
Cub J
Schlepper
TP
L / LA
R
N
25
15
25 A
25 K
35 Super
50 Super

Bolinder Munktell BM 10   (1947 - 1953)

BM 10
BM 10 var mykje mindre enn BM 20 og var mynta på mindre bruk. Han hadde ein 2-sylindra Bolinder glødehovudmotor på 23 hk. BM 10 er lett å kjenne att på det svært smale panseret (berre 28 cm). For å få til dette var radiatoren plassert på tvers attom motoren. Det smale panseret gjorde at føraren hadde svært god sikt framover.
BM 10 hadde same nyutvikla 5-trinns girkasse og bakaksen som Volvo T 20-serien. Til skilnad frå tidlegare Bolinder Munktell traktorar var akslingane i girkassen plasserte på langs. Differensialen var plassert før bakakselen, som var utført som portalakslar. Bremsene, som òg fungerte som styrebremser, var plasserte på same akslingane som differensialen. Derifrå vart momentet overført til portalakslane via reduksjonsgir. Ettersom differensialen hadde høgare turtal enn bakakslane var påkjenningane mindre. Denne konstruksjonen vart og nytta for mange av dei seinare Bolinder Munktell traktorane.
Kraftuttak og hydraulisk trepunktsoppheng var ekstrautstyr for BM 10. Trepunktsopphenget var ikkje utstyrt med djupneregulering, så det var framleis naudsynt med djupnehjul på reiskapen. Løfteevna var dessutan begrensa til 545 kg. Ei ulempe var at hydraulikkpumpa vart driven frå same aksling som kraftuttaket, slik at kraftuttaket måtte vera innkopla for at hydrauliken skulle fungere.
BM 10
BM 10 med sidemontert slåmaskin.
Klikk på biletet for å forstørre det.
BM 10
BM 10
BM 10 var beregna for 2-skjers plog.
Trekkbom og remskive.
BM 10
BM 10
Massen vart ofte auka ned veskefylte dekk.
Rett vektforfeling var viktig.