|
|
|
BM 35 og BM 36 var Bolinder Munktell sine fyrste traktorar med dieselmotor. Motoren var ein moderne 3 sylindra konstruksjon med direkteinnsprøyting.
Med unnatak av motoren var BM 35/36 lik med BM 31 / BM 34 og Volvo T 30-serien. Girkassen hadde difor 5 gir framover og eit reversgir. Traktorane hadde ikkje differensialsperre. BM 36 var ei radkulturutgåve av BM 35.
Kraftuttak og hydraulisk trepunktsoppheng var ekstrautstyr. Hydraulikken hadde framleis ikkje automatisk djupnregulering og lyfteevna var berre 8820 N.
|
|
|
|
Klikk på biletet for å forstørre det.
|
BM 35 med slepetreskar.
|