15 A
20
33 D
van Duzen
T 41
T 42 / 43
T 20 / 21 / 23
T 24 / 24
T 31 / 32 / 33 / 34
T 35 / 36
T 55
T 230
T 15 / T 425 Krabat
Cub
Cub J
Schlepper
TP
L / LA
R
N
25
15
25 A
25 K
35 Super
50 Super

Charter 10-20   (1889)

Charter 10-20
I 1889 bygde Charter Gas Engine Co. i USA, ein traktor med ein 1-sylindra stasjonær forbrenningsmotor. Drivverket var sett saman av deler henta frå ein Rumbely damplokomobil. Motoreffekta skal ha vore rundt 20 hk. Dette var truleg den fyrste traktoren med intern forbrenningsmotor.
Den saktegåande motoren hadde to store svinghjul som sytte for at rotasjonen heldt fram under kompresjonstakta. Drivverket var heilt ope og både motor og drivverk hadde manuell smøring. Denne traktoren høvde trulig betre som sjølvkøyrande stasjonærmotor enn som trekkmaskin. Det vart produsert seks slike traktorar.