|
|
|
David Brown VAD6 50D var utstyrt med ein 6-sylindra dieselmotor og var ein stor traktor då han vart inntrodusert i 1953. VAD6 stod for «Vehicule Agricultural Diesel» 6-sylindra og D50 for 50 hk diesel. Traktoren var meint for slepereiskap og hadde ikkje trepunktsoppheng. Han var for stor for den britiske marknaden og dei fleste vart eksporterte til Audtralia, Sørafrika og Søramerika.
Motoren hadde eit langt topplokk som dekte alle seks sylindrane. Dette hadde ein tendens til å verta deformert på grunn av ujamn varmefordeling og dette førte ofte til at toppakninga gjekk.
|