|
|
|
David Brown VAK1C Cropmaster var ein forbetra versjon av VAK1A. Medan VAK1A kunne leverast med 6 gir som ekstrautstyr var dette standard på VAK1C. Hydraulisk trepunktsoppheng var òg standard på VAK1C, men framleis utan djupnkontroll. Koplinga hadde både pedal og spak.
VAK1C Cropmaster vart ein populær traktor og det vart produsert 59800 av han. Cropmaster var den traktoren som etablerte David Brown som traktorprodusent. Frå 1949 kunne han òg leverast med dieselmotor på 32 hk. I 1952 vart effekta auka til 35 hk.
Frå 1947 var VAK1C med forgassarmotor tilgjengeleg i ein enklare versjon utan hydraulisk trepunktsoppheng og i 1950 var den enklare versjonen òg tilgjengeleg med dieselmotor. Andre versjonar, som ein smalsporversjon for eksport til vindyrkande land, ein låg versjon mynta på fruktdyrkarar og ein prærieversjon med ekstra stor frigångshøgd vart òg produserte. I 1950 vart Super Cropmaster innført. Han hadde litt større sylinderdiameter og effekta var auka til 38 hk. Han hadde sidepanel på motoren og er difor lett å kjenna att.
|
|
|
|
Pløying med David Brown VAK1C Cropmaster.
|
VAK1: klikk på biletet for å forstørre det.
|