15 A
20
33 D
van Duzen
T 41
T 42 / 43
T 20 / 21 / 23
T 24 / 24
T 31 / 32 / 33 / 34
T 35 / 36
T 55
T 230
T 15 / T 425 Krabat
Cub
Cub J
Schlepper
TP
L / LA
R
N
25
15
25 A
25 K
35 Super
50 Super

International Harvester Farmall Regular (1924 - 1932)

Farmall Regular
Rundt 1920 vart traktorane stort sett nytta for pløying og som stasjonærmotorar for å trekkja treskjeverk, kverner og liknande. Ein av utviklingsingeniørane til International Harvester, Bert Benjamin, ivra for å utvikla ein universialtraktor, som kunne nyttast for fleire oppgåver. Men etter fjaskoen med Motor Cultivator var ikkje leiinga i føretaket serleg huga på å utvikla fleire ukonvensjonelle traktorar. Han klarte likevel å overtala IH-høvdingen Alexander Legge til å finansiera utviklinga av ein traktor som skulle kunna nyttast til fleire oppgåver enn vanlege traktorar og spesilt for arbeid i radkulturarar.
Det vart utvikla fleire prototypar frå 1920 og utover. Benjamin held fram med å vidareutvikla traktoren og samstundes vart det utvikla spesialtilpassa reiskap for han. I 1923 var det utført fleire praktiske testar med prototypane og resultata var gode. Traktoren vart kalla «Farmall», som stod for «Farm all».
I motsenad til 15-30 og 15-30 var Farmall bygd på ei stålramme- Motoren og koplingshuset var bolta saman til ei eining, som var festa på stålramma. Girkassen og bakakselen var òg bolta saman og festa til ramma. Men komplingshuset var ikkje bolta saman med girkassen og akslingen mellom dei var ikkje heilt stiv. Girkassen og dreva i bakakslingen var innekapla og gjekk i oljebad. Traktoren var høgbygd og hadde høgt tyngdepunkt, så han høvde best i flatt lende.
Farmall var tenkt nytta i radvekster som mais og bomull og for å få stor nok frigångshøgd hadde han portalakslar bak. Framhjula var plassert tett saman på midten, slik at dei gjekk nede i midtranna ved radreinsking. Dei var plasserte på ein vertikal aksling framom radiatoren, som vart rotert for å styra. Ved fylt utslag vart bremsa på den side ein svinga til aktivert via ståltau som gjekk frå fronten til bremsene. At styrebremsene vart aktiverte ved hjelp av rattet var spesielt for Farmall.
Farmall Regular
Føraren bremsa med ei spak på venstre side, men ho bremsa venstre side. Sjølv om farten var låg kunne dette føra til problem, speielt i bakkar, og mange Farmall-eigarar modifiserte bremsene slik at spaka drog til bremsene på begge sider. International hadde truleg merka seg at kundane ikkje var nøgde med bremsene og mot slutten av 1931 vart bremsene modifiserte slik at dei fungerte på begge sider.
Motoren var ein firesylindra parafinmotor, som likna mykje på motoren i 10-20, utan å vera helt lik. Kjølesystemet hadde ikkje termostat, så føraren måtte fylja med kjølevatntemperaturen og manulet regulera ei radiatorgardin for å halda rett temperatur. Det var tre gir framover, tilpassa pløying, radreinsking og transport. Front- og midtmontert reiskap vart montert på stplramma.
International Harvester Farmall Regular vart introdusert i 1924. I ettertid har den fyrste modellen vorte kalla «Farmall Regular», men dei fyrste åra vart han kalla berre «Farmall». Leiinga ved International Harvester var redd for at Farmall ville konkurera med 10-20, som hadde vorte introdusert året før. Farmall vart difor seld berre i Texas, der 10-20 ikkje var så populær. Farmall såg annleis ut enn andre traktorar og kundane var først skeptiske, men etter å ha prøva han endra dei ofte meining. Dei doble framhjula kunne svingast i stor vinkel så snuradiusen var liten. Farmall synte seg å høva godt på bomullplantasjane i Texas og salet gjekk bra. I 1924 vart det produsert berre 200 og i 1925 938 Farmall-traktorar. Farmall vart populær for bruk i radkulturar og salet auka utover 1029-talet. I 1930 vart det produsert 42.093 Farmall-traktorar.