15 A
20
33 D
van Duzen
T 41
T 42 / 43
T 20 / 21 / 23
T 24 / 24
T 31 / 32 / 33 / 34
T 35 / 36
T 55
T 230
T 15 / T 425 Krabat
Cub
Cub J
Schlepper
TP
L / LA
R
N
25
15
25 A
25 K
35 Super
50 Super

Ivel Agricultural Motor   (1902 - 1916)

Ivel
Ivel vart produsert av «Ivel Agricultural Motors Ltd.», i Biggleswade, Bedfordshire, England. Konstruktøren, Dan Albone, var ein tidlegare sykkelreparatør, men han hadde alt lage ein bil. Den fyrste prototypen til traktoren vart laga i 1902 og produksjon for salg starta året etter.
Ivel var ein etter måten liten og lett traktor, med tre hjul. Motoren var ein tverrstilt 2-sylindra forgassar boxermotor, som gjekk på bensin, parafin eller sprit. Effekta var oppgjeven til 24 hk, som med ein masse på 1680 kg gav eit masse/effekt-forhold på 70 kg/hk. Motoren hadde fordampingsavkjøling, med ein stor vasstank plassert over bakakselen, ved sida av føraren. Firmaet produserte ikkje sjølv motoren, men var med på å konstruera han. Traktoren hadde eit gir i kvar retning. Når han kjøyrde framover vart bakakselen driven via ei kjede, medan tannhjuldrift vart nytta i revers.
Ivel
Medan andre traktorar på denne tida var store tunge kolossar med svake motorar, var Ivel lett i høve til motoreffekta. Han var i tilegg lett å manøvrera og viste seg å gjera god nytte for seg i praktisk arbeid. Ivel vert rekna som ein av dei fyrste «brukbare» traktorane.
Det var vanskeleg å overtyde engelske gardbrukarar om at det var lønsamt å bytta ut hestane med traktor, eller «the agricultural motor» som traktoren vart kalla på denne tida. Firmaet satsa difor på eksport. Den fyrste traktoren som kom til Noreg var ein Ivel. Han vart kjøpt av Isach Coldevin på Dønnes Gard, Dønna, i Nordland, i 1908. Enda ein Ivel vert importert til Noreg rett etterpå i 1908/1909, av Olav Ferden på Ringeriket.