Stålramme
Dei fyrste traktorane var byggd på stålrammer, der motor og drivverk var bolta fast. Denne konstruksjonen hadde mange ulemper. Lagra til akslingane i drivverket var bolta fast direkte på rama og når denne vreid seg under last hendte det at tannhula i overføringa komm i feil stilling i høve til kvarandre. Nokre traktorar hadde støypejarnsrammer som ikke var så utsett for vridningar, men dei var som oftast tunge.
Den opne konstruksjonen førte òg til at lager, tannhjul, kjeder, osb. vart utsette for jord, støv og regn, noko som førte til stor slitasje. Støv blanda med funktigheit fungerer som slipemiddel, så det var ofte naudsynt med reparasjonar. Ramma til høgre er frå ein Aultman Taylor 22-45 frå 1919.